Bidra til betre nettsider for ansatte

Nyhetportlet

Hånd som held mobil med ansatt.oslomet.no på heimskjermen.

Bidra til betre nettsider for ansatte

Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon (SK) inviterer deg til å bli med på å gjere ansattsidene våre betre.

Det siste halvåret har redaktøren for ansattsidene, Marit Brennset, jobba med å lage ein ny og meir brukarvennleg meny til dei tilsette. Den nye menyen har færre menypunkt og har blitt brukartesta i fleire rundar. No skal det utførast ein siste test før den, og medfølgjande endringar, kan lanserast.

Testen kan du ta her (optimalworkshop.com). Fristen for å ta testen er satt til 5. mai. Testen er kun tilgjengeleg på norsk.

– Eg har gått rundt på campus med brukartestar og Twist i fleire rundar i både haust og vinter. I tillegg har vi mykje god statistikk vi brukar i prosessen. Eg har fått kjempegod hjelp av dei tilsette til å forstå behova betre, og eg er trygg på at det vil bli enklare å finne fram på sidene våre når den nye menyen er lansert, seier ho.

Ein siste test

Ny meny med færre menypunkt betyr også nokre endringar i navigeringa. Det er det Brennset treng dei tilsette til å hjelpe med.

– Denne testen skal sikre at navigeringa fungerer best mogleg. Testen er kort og enkel og det finst ingen gale svar, seier redaktøren.

Denne testen er ein såkalla «tretest», der målet er å finne ut om informasjon er plassert på rett stad. Det betyr også at dess fleire som svarar på denne undersøkinga, dess betre svar får vi.

Kva blir endra?

Resultatet av den siste testen vil vise om strukturen som er laga fungerer eller ikkje. Dersom noko skurrar kan det enkelt justerast. Dersom testen viser at dei tilsette finn fram, vil endringane bli utført i løpet av våren.

Det vil i så fall bety:

  • nye menypunkt
  • nokre endringar på sidene de kjem til når de klikkar på menypunkta
  • nokre endringar på landingssidene elles – altså typiske «framsider» eller «temasider».

Det blir ikkje gjort endringar på dei faste innhaldssidene.

Har du spørsmål? Send ein e-post til nettredaksjonen@oslomet.no.