Skip to Content

News

Forskningsdatabasen open for tilsette!

Forskningsdatabasen open for tilsette!

Den interne Forskningsdatabasen er no lansert og tilgjengeleg for alle tilsette ved OsloMet.

Lovkravet om informasjonssikring og personvern (GDPR) er ein av grunnane til at vi på OsloMet no må ta i bruk denne databasen som synleggjer korrekt databehandling av forskningsdata – også for studentane sine studentoppgåver der det er nytta personopplysningar. 

- Gjennom bruken av Forskningsdatabasen sikrar vi blant anna at OsloMet fyller lovkrava, uttaler viserektor Per Martin Norheim-Martinsen om Forskningsdatabasen, som er initiert av Rektoratet ved OsloMet. 

Godt verktøy

Professor i samfunnsernæring Liv Elin Torheim (HV) har testa ut Forskningsdatabasen, og trur den vil bli eit godt verktøy for å halde orden på eigne forskningsprosjekt. Ho uttalte fylgjande i juni: 

– Det gir ei fin påminning om at alle godkjenningar er på plass, at man har hugsa søknad til etisk komité og at ROS-analyse er gjennomført, blant anna, uttalde Torheim, før ho fortsatte: – For meg som studentveileder gjer denne databasen det enklare å halde orden på dette og sørge for at tillatelsane er i orden.  

Kun metadata

Det er kun metainformasjon som skal leggast inn i Forskningsdatabasen. Den vil i tillegg gjere det lettare å finne interne samarbeidspartnarar med spisskompetanse innan eit felt, eller kollegaer med erfaring med spesifikke søknadstyper/finansieringskilder. Målet er at aktive studentoppgåver skal vere registrert i Forskningsdatabasen innan 31.03.2021.  

Tida fram til 31.12.2020 skal nyttast til å komplettere og oppdatere informasjon i Forskningsdatabasen, og i første omgang gjeld dette innsendte søknadar og aktive forskningsprosjekt.   

Her finn du informasjon og rettleiing

I tillegg til ein detaljert rettleiar, har vi også organisert eit lag med superbrukarar på fakulteta og sentra som står klare til å gje råd til deg som forskar når du skal legge inn metadata om dine forskningsprosjekt. Oversikta over kven dette er, finn du her, seier Gry Helene Stavseng, som har vore prosjektleiar for Forskningsdatabasen. 

Vidare utvikling

Lanseringa gjeld versjon 1.0 av Forskningsdatabasen. Arbeidet knytt til vidare utvikling er godt i gang, dette inneber m.a. gjenbruk av informasjon, for å unngå unødvendig dobbelregistrering. 

Her finn du Forskningsdatabasen

 

chatbot-portlet