Nye funksjonar i emneevaluering

Nyhetportlet

Bilde av studenter i undervisning.

Foto: Benjamin A. Ward/OsloMet

Nye funksjonar i emneevaluering

Det er gjort forbetringar i verktøyet du som undervisar kan bruke for å få innspel på emne frå studentar.

Mange undervisarar har tatt i bruk verktøyet CES (Course Evaluations and Surveys) i Canvas, etter at det vart innført i fjor haust.

Verktøyet gjer at du som undervisar kan gjennomføre evaluering av emna dine på ein systematisk og brukarvenleg måte. Det forenklar det å få tilbakemeldingar frå studentane på undervisninga, gjer det enkelt å hente ut rapportar og støttar kvalitetsarbeidet ved OsloMet.

Innføringa av verktøyet er gjort som eit prosjekt under Den gode studentopplevinga. No har prosjektet gjort forbetringar, etter ei spørjeundersøking blant undervisarar/emneansvarlege:

  • No er det mogleg å lage emnespesifikke spørsmål.

  • Ein kan legge til førehandsdefinerte spørsmål om praksis, utforma i samarbeid med fagpersonar.

Prosjektet håpar desse endringane bidrar til eit verktøy som skal hjelpe emneansvarlege med å få studentane sine innspel til forbetring av emne.

Dei fleste emneansvarlege som svarte på undersøkinga, ga uttrykk for at det beste med verktøyet var at det var enkelt og lite arbeidskrevjande for emneansvarlege å ta i bruk.

Studentrespons på emneundersøkingar

Våren 2023 gjekk det ut emneundersøkingar til meir enn 6 500 studentar i over 100 emne. Over 2 500 studentar fullførte emneevalueringa. Så langt i haustsemesteret 2023 har godt over 8000 studentar blitt invitert til å gi si meining om emne dei tar.

Variasjonen i svarprosent mellom emna var mykje mindre våren 2023 enn i 2022. Varslinga av studentar er forbetra:

  • Studentar i emne der CES er aktivert, får no fleire varsel i Canvas.

  • For å sikre at studentar finn fram, kjem det opp kunngjering globalt i Canvas, for studentar i emne der CES er teke i bruk.

  • E-postane studentane får er også endra, for å gi meir informasjon om korleis dei finn fram.

  • Brukarrettleiinga for emneansvarlege fortel mellom anna om tidspunkt for utsending av påminningar.

  • Emneansvarlege kan lenke studentane til Canvas-emnet for å finne undersøkinga.

Om du ikkje finn svar på spørsmåla dine om CES i brukarrettleiinga, kan du ta kontakt på e-post: emneevaluering@oslomet.no