Ny oppgang for økonomistudiar ved OsloMet

Nyhetportlet

Foto av 11 nye studentar ved OsloMet foran inngangen av Pilestredet 46 saman med prorektor for utdanning, Silje Fekjær.

Nye studentar som har fått studieplass ved OsloMet, saman med prorektor for utdanning, Silje Fekjær. Foto: Sonja Balci, OsloMet

Ny oppgang for økonomistudiar ved OsloMet

Økonomiutdanningar, helse- og mediefag er blant dei mest populære studia på OsloMet i år, viser årets opptakstal. På lærarutdanningane er det framleis ledige studieplassar. 

Heile 9472 søkarar har fått tilbod om studieplass på OsloMet til hausten, viser tal frå Samordna opptak. Det er ein oppgang på meir enn 200 studentar samanlikna med i fjor, og meir enn 800 fleire enn for to år sidan.

Søkarane er framleis godt kvalifiserte – på 24 av studia er poenggrensa for å få opptak over 50 poeng.

– Vi er glade for at mange søker seg til OsloMet, særleg fordi vi tilbyr mange utdanningar som vi veit at det er stort behov for i samfunnet. Tala viser utdanningane våre treff søkarane godt, både dei som søker for første gong og dei som vil fylle på med meir utdanning, seier prorektor for utdanning, Silje Fekjær.

– Vi ser fram til å ta imot studentane, og håper dei vil vere nysgjerrige – vere opne om det dei ikkje skjønnar, tørre å stille “dumme” spørsmål og seie kva dei meiner. Dette bidreg til å utvikle kunnskapen ved universitetet, seier ho.

Les heile OsloMet si presentasjon av opptakstala (oslomet.no).

Ti på topp: poenggrenser 

  1. Økonomi og leiing, årsstudium 63,5 
  2. Økonomi og leiing, deltid, årsstudium 61,9 
  3. Media og kommunikasjon, årsstudium 61,7 
  4. Informasjonsteknologi, årsstudium 60,5 
  5. Ortopediingeniør, bachelor 57,6 
  6. Journalistikk, bachelor 57,2 
  7. Bibliotek- og informasjonsvitskap, årsstudium 57,1 
  8. Design og kommunikasjon i digitale medium, årsstudium, deltid 57 
  9. Kunst og design - mote og produksjon, bachelor 57 
  10. Økonomi og administrasjon - siviløkonom, 5 år 55,8 

Ti på topp: kvalifiserte førstevalssøkarar

  1. Økonomi og administrasjon, bachelor 918 
  2. Fysioterapi, bachelor 794 
  3. Sykepleie, Oslo, bachelor 626 
  4. Sosialt arbeid, bachelor 574 
  5. Administrasjon og leiing i offentleg verksemd, bachelor 549 
  6. Anvendt datateknologi, bachelor 524 
  7. Barnevern, bachelor 501 
  8. Vernepleie, bachelor 373 
  9. Dokumentasjonsforvalting, årsstudium, deltid 326
  10. Barnehagelærar, bachelor 286 

Stor medieinteresse

OsloMet hadde elleve nye studentar som har fått studieplass ved ulike utdanningar til stades på campus da opptakstala vart sluppe 25. juli. Fleire av riksmedia var på campus og snakka med dei om studievalg og forventinger til studietida ved OsloMet.

Blant anna sendte TV2 direkte frå campus og intervjua to kommande studentar ved grunnskulelærar- og sykepleiestudiet. Pressa snakka også med prorektor for utdanning, Silje Fekjær, om årets tal og trender for opptaket.

Her er nokre av nyheitssakene om opptaket ved OsloMet (oppdateras):