
Avsluttar bruk av emneevalueringsverktøy
OsloMet avsluttar bruk av verktøyet Course Evaluations & Surveys (CES) i Canvas.
Alle undersøkingar i verktøyet må vere avslutta seinast 8. januar 2025.
Den enkelte emneansvarlege som har brukt verktøyet, må då sjølv ha henta ut alle rapportar/data (oslomet.gitbook.io) den enkelte ønsker å ta vare på.
Kontaktpunktet for spørsmål om verktøyet er emneevaluering@oslomet.no.
Emneevaluering
På bachelor- og masternivå skal alle studentar få moglegheit til å evaluere alle emne, anten undervegs eller til slutt i emnet. Det skal vere anonym sluttevaluering minst kvar tredje gong eit emne blir undervist.
Det er som hovudregel opp til emneansvarleg å velje metode for evaluering, ut frå kva som er eigna for å gi godt grunnlag for utvikling av emnet. Nokre moglege metodar for evaluering er omtalt på tilsettsidene. Eit verktøy som kan brukast for anonym sluttevaluering er nettskjema (nettskjema.no).
Innsparingar
Avtalen om CES blir sagt opp som del av arbeidet med å tilpasse aktiviteten ved universitetet til reduserte økonomiske rammer i 2025 og 2026. Det er avgjort i rektors direktørmøte.
Hausten 2021 starta Avdeling for utdanning eit prosjekt med verktøy for emneevaluering, som del av Den gode studentopplevinga. OsloMet har hatt avtale om verktøyet Course Evaluations & Surveys (CES) gjennom eit sektorinnkjøp i regi av Sikt - Kunnskapssektorens tenesteleverandør. Nokre andre institusjonar har også sagt opp avtalen.
Les også: