Fra venstre: Mette Tollefsrud, Nabila Habib, Tore Jascha Liechtenstein Vogt og Sahaya Kaithampillai jobber sammen på OsloMet Holmlia. Foto: Marit Christiansen/OsloMet
OsloMet Holmlia blir vidareført: kompetanse, meistring og nye moglegheiter
Gjennom OsloMet si satsing på Holmlia har ei lang rekkje initiativ kome studentar, befolkninga og tilsette til gode. No blir satsinga vidareført.
OsloMet Holmlia vart etablert i 2022 for å svare på OsloMet sitt samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.
– Alt som har skjedd ved OsloMet Holmlia dei siste åra, viser oss kva det kan bety at universitetet kjem tettare på samfunnet, seier Carl Christian Thodesen, prorektor for samfunnsforbetringar og samarbeid ved OsloMet.
– Her har vi utvikla nye måtar å kople saman utdanning, forsking og lokalsamfunn på, og mange av aktivitetane er tett knytte til kvardagen i bydel Søndre Nordstrand. Saman med skular, tenester og lokale aktørar byggjer vi kompetanse, meistring og nye moglegheiter.
Erfaringsseminar for OsloMet Holmlia
På eit erfaringsseminar denne våren var mange av dei som har hatt aktivitetar på Holmlia dei siste fire åra, samla.
– Det er inspirerande å sjå breidda i innsatsen frå både studentar, fagmiljø og administrasjonen på tvers av heile organisasjonen, seier Thodesen.
Under kan du lese litt om nokre av prosjekta som har vore ein del av Holmliasatsinga. Fleire av prosjekta vart presenterte på erfaringsseminaret.
Utvikling av studentane sin praksis
Studentane sin praksis har vore eit viktig omdreiingspunkt for Holmliasatsinga.
- På bachelorutdanninga i barnevern har studentane minipraksis i aktivitetsskulen i Søndre Nordstrand. Studentane får erfaring med å byggje relasjonar med barn gjennom aktivitetar, og opplegget er i dag utvida til 22 aktivitetsskular i heile Oslo.
- Det tverrprofesjonelle undervisningsopplegget INTERACT er blitt utvida til INTERACT i praksis. Her jobbar studentar frå ulike utdanningar som er i praksis i bydel Søndre Nordstrand saman om tema (oslomet.no) som tverrfagleg kommunikasjon, ansvarsgruppemøte og bruk av tolk.
- Ved sjukepleiarutdanninga har nokre tredjeårsstudentar all praksisen sin i Søndre Nordstrand (oslomet.no). Studentane er innom både sjukeheim, heimeteneste og psykisk helse og rus, og får dermed eit klarare bilete av korleis dei kommunale tenestene er kopla saman.
- Prosjektet «Praksisplassar på kart» har utvikla ein app der studentane kan registrere praksisstaden sin, og dermed få høve til å kontakte andre studentar som har praksis i nærleiken.
Frå erfaringsseminaret: Fatima Ali Madar, seniorrådgivar i avdeling for IKT, presenterte arbeidet med ein app som lèt studentane finne kvarandre når dei er ute i praksis. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet
Ressursteam for familiar med sjuke barn
For å kunne gi eit heilskapleg tilbod til familiar til barn som blir råka av alvorleg sjukdom, trengst det tett samarbeid mellom dei ulike instansane rundt barna og familiane.
Frå erfaringsseminaret: Anette Winger, professor i barnepalliasjon, fortalde om samarbeidet med bydel Søndre Nordstrand om eit barnepalliativt ressursteam. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet
I 2025 oppretta bydel Søndre Nordstrand eit tverrfagleg barnepalliativt ressursteam (oslomet.no). Anette Winger har saman med andre forskarar ved OsloMet følgt prosjektet tett. Dei forskar på ressursteamet, samarbeider med bydelen om e-læringskurs og utviklar og omset informasjonsmateriell for familiar.
Mangfald og rekruttering: studentar som rollemodellar
Prosjektet Hvor er mine brødre (oslomet.no) jobbar med å rekruttere unge med fleirkulturell bakgrunn til å sjå moglegheitene innan høgare utdanning, særleg til yrke som barnehagelærar, lærar, sosionom og barnevernspedagog.
Arbeidet handlar om å motverke fråfall og utanforskap, og tiltaka rettar seg mot elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule, samt studentar.
Hvor er mine brødre har i fleire år samarbeidd tett med Bjørnholt vidaregåande skule, der dei har følgt rundt 80 elevar frå tre klassar. Etter kvart har samarbeidet blitt utvida til fleire skular i Oslo.
Hvor er mine brødre har vore inviterte til ei rekkje møte og debattar og har formidla bodskapen sin på mange ulike konferansar og seminar.
Dei har òg fått politisk merksemd. Prosjektet er omtalt i stortingsmeldinga Tro på framtida – uansett bakgrunn (oppvekstmeldinga, regjeringen.no), og i Kunnskapsdepartementets Strategi for rekruttering til lærerutdanning og læreryrket 2024-2030 (regjeringen.no).
Då regjeringa lanserte Plan for Noreg i desember 2025, trekte forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland fram Hvor er mine brødre som eit døme på godt arbeid frå utdanningsinstitusjonane med å nå fleire av dei som står utanfor utdanning og arbeidsliv (khrono.no).
– Det handlar om å bryte barrierane som barn som veks opp i dag kan møte. Vi kan ikkje ha eit samfunn der barn og ungdom faller utenfor. Difor er det så viktig at unge med fleirkulturell bakgrunn kan kjenne seg igjen i rollemodellar som tek høgare utdanning, sa prosjektleiar Sahaya Kaithampillai under erfaringsseminaret.
Teknologi, handverk og skaparglede
Tekstilar og tradisjonar er eit initiativ for studentar og lokalbefolkninga i bydelen, starta av tilsette ved Institutt for estetiske fag. Universitetslektor Lena Vida fortalde at føremålet er å samle inn og dele kunnskap om fleirkulturelle tekstiltradisjonar i dagens Noreg, gjennom kreative tekstilworkshopar og kurs. Mellom anna arrangerte dei hausten 2025 ein tekstilworkshop-dag der både studentar og lokalbefolkning fekk lære om ulike handverkstradisjonar og -teknikkar.
Frå erfaringsseminaret: Studentane Marielle Irene Monsen, Ayla Amelia Jahrn-Winnberg og Awin Karim har redesigna ein liten lesesal på Holmlia. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet
Studentar frå Institutt for estetiske fag har vore viktige ressursar i utforminga av universitetslokala på Holmlia.
Nyleg har bachelorstudentar frå Mote og produksjon og Kunst og formidling redesigna ein liten lesesal, med innspel frå studentane som bruker rommet.
Eit initiativ som spring ut frå Makerspace ved Fakultet for teknologi, kunst og design (oslomet.no), kalla Makerklubben, gir barn og unge tilgang til teknologi, lèt dei oppleve meistringskjensle og motiverer dei for læring. I samarbeid med den frivillige organisasjonen Hjertet av Holmlia har Makerklubben arrangert fleire workshopar (oslomet.no) der dei har invitert ungdom frå bydelen direkte, fortalde Notto Thelle, seksjonssjef ved Makerspace, under erfaringsseminaret.
AKS-nettverk inspirerte ny bachelorutdanning i skulefritidspedagogikk
OsloMet og Utdanningsetaten i Oslo kommune har hatt eit toårig partnarskap knytt til lokale kompetansebehov på 11 aktivitetsskular (AKS) i bydel Søndre Nordstrand (oslomet.no). Gjennom nettverkssamlingar på OsloMet Holmlia med AKS-leiarar og rektorar har partnarane saman vidareutvikla både aktivitetsskulane og OsloMet sine utdanningar.
Nettverket har bidrege til at OsloMet har tenkt nytt om målgruppene for utdanningane våre, fortalde seniorrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar Oana Pintilie under erfaringsseminaret. Denne hausten tilbyr OsloMet for første gong ei bachelorutdanning og eit årsstudium i skulefritidspedagogikk (oslomet.no).
Tilbyr støtte til tolkebrukarar
Tolkseksjonen ved Institutt for internasjonale studiar og tolkeutdanning samarbeider med bydel Søndre Nordstrand om opplæring av tolkekoordinatorar. I fjor kom tenesta Tolkeopplysninga på plass. Det er eit nettverk av tolkefaglege ressurspersonar som tilbyr kurs og opplæring. Koordinator for Tolkeopplysninga, Maria Wattne, fortel at OsloMet Holmlia var viktig i oppbygginga av tilbodet.
Frå erfaringskonferansen: Maria Wattne er koordinator for Tolkeopplysninga. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet
Ungdom uttrykkjer seg gjennom foto
Prosjektet Søndre Media (oslomet.no) jobbar for å auke interessa for mediefag og samfunnsdebatt blant ungdom i Søndre Nordstrand. Dei gjennomfører kurs og workshopar om mellom anna sosiale medium, skriving og gaming. Eit fotokurs med fotokunstnaren Iffit Quereshi resulterte i utstillinga Til tross for (oslomet.no), der unge fortalde personlege historier gjennom foto.
Frå erfaringsseminaret: Darin Hagi Hamdo og Isac Tvedt presenterte det omfattande arbeidet i prosjektet Søndre Media. Foto: Siv Tonje Håkensen / OsloMet.
Darin Hagi Hamdo og Isac Tvedt er prosjektkoordinatorar, og fortel at prosjektet no er godt etablert i bydelen, med mange planlagde tiltak i 2026.
Barn og unge blir inspirerte på forskingsdagane
I to år på rad har OsloMet arrangert forskartorg på Holmlia (oslomet.no) i samband med dei nasjonale forskingsdagane. Her har skuleelevar og familiar fått morosame og lærerike aktivitetar arrangerte av forskarar.
– Vi har ønskja å vekkje engasjement for forsking blant skuleelevane, og å vise dei at forsking er gøy og noko dei sjølve kan drive med, fortalde Åshild Losnegard, seniorrådgivar i Avdeling for samfunnskontakt og kommunikasjon, under erfaringsseminaret.
Også i september 2026 blir det forskartorg på Holmlia.
Utdanningsstipend til fleirkulturelle studentar
OsloMet Holmlia samarbeider med OsloMet sitt Kompetansesenter for arbeidsinkludering (KAI) og Anthonstiftelsen om å dele ut utdanningsstipend til fleirkulturelle studentar. Anthonstiftelsen jobbar for at vanskelegstilte barn og unge skal få betre oppvekstvilkår og livskvalitet. I 2025 fekk 48 OsloMet-studentar stipend (oslomet.no), og i år er det 26 studentar som har fått stipend, fortalde rådgivar Nabila Habib.
Masteroppgåver som kjem samfunnet til gode
Masterstudentar frå fem ulike OsloMet-utdanningar har jobba saman om å skrive masteroppgåve i prosjektet Sammen for Søndre. Prosjektet er eit samarbeid mellom bydelen og Utdanningsetaten og har gitt studentane unik tilgang til data til oppgåva.
Frå erfaringsseminaret: Victoria Telle Hjellseth, professor ved Fakultet for helsevitenskap, og Kjetil Wathne, førsteamanuensis ved Fakultet for samfunnsvitenskap, fortalde om studentar som samarbeider om tverrfaglege masteroppgåver. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet.
Grunnskulelærarutdanninga har lagt til rette for at studentane kan skrive masteroppgåver i samarbeid med skulane i bydel Søndre Nordstrand. Studentane skriv masteroppgåver som undersøkjer verknaden av skulane sine strategiske satsingar.
Frå erfaringsseminaret: Studieleiar Annette Haslund har etablert eit samarbeid med skular i bydel Søndre Nordstrand om praksisnære masteroppgåver for grunnskulelærarstudentar. Foto: Siv Tonje Håkensen/OsloMet.
Studieleiar Annette Haslund fortel at denne typen oppgåver bidreg til å gjere overgangen mellom utdanning og yrke lettare for lærarstudentane.
Vegen vidare for OsloMet Holmlia
- OsloMet Holmlia vart etablert i 2022 som ei prøveordning fram til 31. juli 2026, og har dei siste fire åra vore finansiert av universitetet sine strategimidlar.
- Universitetsstyret har vedteke å vidareføre OsloMet Holmlia frå hausten 2026, og å overføre finansieringa til OsloMet sine driftsmidlar.
- Det faglege ansvaret for OsloMet Holmlia er lagt til Fakultet for samfunnsvitenskap, men satsinga vil ha delfinansiering frå alle fakultet ved OsloMet.
- Les meir om OsloMet Holmlia (oslomet.no)