template.back.to.overview Universell utforming for undervisarar
-
Kva er universell utforming (UU) i undervisning?
For at all informasjon du, som undervisar, skal vere tilgjengeleg for alle, må alt du distribuerer vere universelt utforma. Det inkluderer filtypar som Word-dokument, PowerPoint-presentasjonar og PDF-ar.
God og oversiktleg struktur i Canvas er viktig for at studentane skal finne fram. Alt innhald som skal leggast inn i Canvas skal også vere universelt utforma
Alle offentlege verksemder skal først og fremst legge ut tekstdokument i nettsideformat (HTML). Dersom det er naudsynt å behalde noko av formateringa i dokumentet, og det ikkje lar seg gjere (universelt utforma) i publiseringsløysinga, SKAL du legge ut dokumentet i PDF.
Med andre ord; Vil du legge ut ein PowerPoint-presentasjon skal den først og fremst leggast ut som PDF. Etter at det er gjort kan du også legge ut pptx-fil dersom det er ønskjeleg.
Trikset med å legge ut dokument og filer som er universelt utforma, er å tenkje universell utforming allereie ved unnfangelsen. For eksempel: Dersom du planlegg å skrive eit Word-dokument og legge det ut som PDF, skal utforminga skje i Word før du eksporterer til PDF.
Du kan lære meir om universell utforming i undervising på Canvas si ressursside.
-
Slik universelt utformar du dokument og presentasjonar
Først og fremst. Å universelt utforme eit dokument, ei nettside eller ein presentasjon er ikkje så vanskeleg og tidkrevjande som ein skulle tru. Det kan ta litt tid å komme inn i det, men når ein har lært seg dei grunnleggjande reglane, går det fort. Ved hjelp av rettleiingane under går det kjapt å lære seg korleis ein gjer det:
- Slik universelt utformar du Word-dokument
- Slik universelt utformar du ein PowerPoint-presentasjon (uutilsynet.no)
- Slik universelt utformar du ein PDF (uutilsynet.no)
- Slik universelt utformar du ei nettside
Vi anbefalar alle undervisarar å også ta e-læringskurset om universell utforming i Canvas.
-
Slik sjekkar du om det du har laga er universelt utforma
Dersom du er usikker på om du har gjort rett, har både Word og Adobe Acrobat ein innebygd tilgjengelegheitssjekkar i sine tenester. Det finst også ulike gratistenester på nett som kan sjekke innhaldet ditt.
- Her kan du finne ut korleis du brukar tilgjengelegheitssjekkaren i Word (support.microsoft.com)
- Adobe Acrobat sin tilgjengelegheitssjekkar er tilgjengeleg for dei som har Pro-versjonen
- Dersom du ikkje har Pro-versjonen av Adobe Acrobat kan du bruke PDF-sjekkaren til EIII (European Internet Inclusion Initiative, engelsk).
Om du vil lære meir om universell utforming, gå inn på Digitaliseringsdirektoratet si nettside om universell utforming, som forklarar godt dei ulike krava og gir gode eksempel på korleis ein skal utforme innhald for å vere tilgjengeleg for alle.
Du kan også lese meir om universell utforming ved OsloMet på OsloMet si ressursside om universell utforming.