Skriftserien ved OsloMet
Om Skriftserien
Skriftserien har løysingar for både digital og trykt publikasjon. Som forfattar vel du publiseringsmåte i publiseringsavtalen. Avtalen kan lastas ned her saman med vedlegg med krav til kvalitetssikringsrutinar. Leiar ved institutt eller senter der arbeidet er produsert er ansvarleg for at kvalitetssikringsrutinane er følgde.
- Publiseringsavtale på bokmål (Word)
- Publiseringsavtale på nynorsk (Word)
- Kvalitetssikringsrutiner (PDF)
For lesarar og andre er det på nettsiden til Skriftserien (skriftserien.oslomet.no) mogleg å laste ned digital utgåve. Det er også mogleg å bestille større kvantum trykte utgåver av rapportane gjennom ansvarleg institutt.
Skriftserien har ein eigen underserie der ph.d.-avhandlingar frå doktorgradsprogrammet til institusjonen kan publiserast. Informasjon om publisering av avhandling.
Universitetsbiblioteket tek imot trykkeklare manus og har ikkje kapasitet til korrekturlesing og språkvask, men kvalitetssikrar filer før trykking og/eller klargjering til nedlasting.
Universitetsbiblioteket sørger for pliktavlevering til Nasjonalbiblioteket og dessutan indeksering i Oria for å gjere publikasjonen synleg og tilgjengeleg.