Droppe til innhold

Nyheter

Oppgradering og nytt design på ansatt.oslomet.no

Oppgradering og nytt design på ansatt.oslomet.no

I månadsskiftet november-desember får ansatt.oslomet.no eit splitter nytt design.

Vi ønskjer å gjere nettsidene våre både enkle å finne fram på og tilgjengeleg for alle. Difor lanserer vi no eit heilt nytt design på nettsidene våre, både ansatt.oslomet.no og student.oslomet.no, eit design som både går hand i hand med OsloMet sin grafiske profil og som er universelt utforma.

Tilgjengeleg for alle

Universell utforming er viktig for at nettsidene våre skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne. Slik som at vi for eksempel har rullestoltilgang i våre bygg, vil vi også passe på at nettsidene våre er tilgjengeleg for dei som har nedsett funksjonsevne.

Ut av NAP – inn i Teams

Den store skilnaden for deg som brukar vil først og fremst vere utsjånaden. Innhaldet er framleis det same, ligg på same nettadresse og vil ikkje føre til brutte lenker. Dei lenkene du sjølv har lagt opp på di innlogga side vil også vere med vidare.

Ein anna skilnad, som meldt i vår, er at NAP-gruppene forsvinn. Teams er samhandlingsplattformen vår, men fordi Teams ikkje har ein god løysing for Wiki, vil dei som har bygd opp Wiki i si gruppe, framleis ha tilgang til den. Du vil ikkje lenger finne dine NAP-grupper på innlogga side, så vi anbefaler å bokmerke sida dersom du framleis vil bruke Wiki-funksjonen.

Innhaldsløft

Innhaldet treng også eit løft. 2021 vil bli brukt til å gå gjennom innhald, strukturar og meny, nettopp for å gjere det enklare for deg å finne fram.

Fyrste vekene etter oppgradering kan det hende du snublar over feil her og der, men frykt ikkje; vi er på saken!

chatbot-portlet