Nye eksterne representantar til universitetsstyret

Nyhetportlet

Fasade med gul OsloMet-logo

Nye eksterne representantar til universitetsstyret

Kunnskapsdepartementet har utnemnt eksterne representantar til universitetsstyret.

– Dei eksterne styrerepresentantane representerer ei breidde i erfaring og bakgrunn som vil vere ein viktig ressurs i den vidare utviklinga til universitetet OsloMet. Eg ser fram til å starte samarbeidet med det nye styret til hausten, seier rektor Christen Krogh.

Dei nye styremedlemene er utnemnde for perioden 1. august 2023 til 31. juli. 2027.

Ny styreleiar

Ny styreleiar er Vibecke Hverven, partner i rådgjevingsselskapet Concidium. Ho tar over etter Trine Syvertsen, som har leia OsloMet-styret sidan 2015.

Faten Lubani, integreringskoordinator i Nav, er også ny i OsloMet-styret, medan to av dei eksterne medlemene, Trym Holter frå Silo AI og Jens Erik Mogensen frå Københavns universitet, var med i styret i forrige periode.

Nye varamedlemer er Arnoldo Frigessi di Rattalma, professor ved Universitetet i Oslo, og Solveig Hellebust, Executive Vice President, People, Process and Digitalization i Yara.

Det er tidlegare valt representantar for dei tilsette og studentane.

Dette er det nye OsloMet-styret:

  • Vibecke Hverven (leiar), Partner, Considium
  • Trym Holter (eksternt medlem)
  • Jens Erik Mogensen (eksternt medlem)
  • Faten Lubani (eksternt medlem)
  • Rolf Martin Aspenes (student)
  • Vilde Veronica Haukeland (student)
  • Nanna Paaske (vitskapeleg tilsett)
  • Tale Skjølsvik (vitskapeleg tilsett)
  • Einar Braathen (vitskapeleg tilsett)
  • Therese Sefton (midlertidig vitskapeleg tilsett)
  • Tore Jascha Liechtenstein Vogt (teknisk-administrativt tilsett)

Vararepresentantar:

  • Arnoldo Frigessi di Rattalma (ekstern)
  • Solveig Hellebust (ekstern)
  • Isak Grov Diesen (student)
  • Kjerstin Østenseth (student)
  • Nils Pharo (vitskapeleg tilsett)
  • Andreas Lillebråten (midlertidig vitskapeleg tilsett)
  • Hege Maria Bergersen (teknisk-administrativt tilsett)