Publisert
Sist oppdatert
Koronavirus
Studiestedene er åpne. Les oppdatert informasjon for studenter og ansatte.
uni.oslomet.no (tidligare blogg.hioa.no) er ein publiseringsplattform for
Plattformen nyttar Wordpress som CMS (publiseringssystem). Dette er eit forholdsvis enkelt publiseringssystem som dei fleste lærer seg fort. Det er også mogleg å legge til eksterne publisistar. Til forskjell frå oslomet.no, ansatt.oslomet.no og student.oslomet.no kan alle ansatte få tilgang til å publisere på uni.oslomet.no. Sidan mange er kjent med Wordpress frå før er ikkje opplæring obligatorisk.
For å få oppretta ei side og få skrivetilgang til uni.oslomet.no sjå kontaktinfo nederst.
Kvar prosjektside på uni.oslomet.no skal ha minst ein ansvarlig administrator som til ein kvar tid har ansvar for brukartilgang, sikkerhet og innhald for prosjektsida.
Wordpress-plattformen skal ikkje nyttast som arkiv. Avslutta prosjekt som ikkje lenger vil oppdatere nettsidene sine må enten dokumentere at sidene blir vedlikehald eller legge ein plan for avvikling og aktivering på passande plass.
Prosjekt som ønskjer å nytte uni.oslomet.no får domene av typen uni.oslomet.no/prosjektnavn. Adressa (url) kan ikkje innehalde teikn eller æøå.
For meir informasjon om domener på OsloMet.
I Wordpress-plattformen vil prosjekt ha tilgang til eit OsloMet-theme og nokre andre Wordpress-themes. Det er ikkje mogleg å få tilgang til å justere CSS eller gjere andre endringar på installerte themes. Det er ikkje mogleg å legge til andre themes enn dei som allereie er installerte.
Det er ikkje tilgang til å installere plugins på dei ulike prosjektsidene.
For å få oppretta prosjektside på uni.oslomet.no må du sende bestilling til nettredaksjonen@oslomet.no Her må det komme tydelig fram kva sida skal brukas til og kven som skal stå som ansvarlig for sida.
Det er laga ei eiga gruppe i Teams for Wordpress-brukarar. Her kan du finne informasjon om Wordpress og få svar på det du lurer på.