Skip to Content

Accessibility at OsloMet

Accessibility at OsloMet

Universell utforming ved OsloMet

For at alle våre brukarar skal få tilgang til våre IKT-tenester på lik linje, må våre tenester og nettstader vere universelt utforma. Noko blir gjort på det tekniske plan, men mykje er det du som må bidra med. På denne sida fortel vi deg kvifor og korleis og gir deg ressursane til å lære meir.

1. januar 2020 vart det sett i gang eit prosjekt om universell utforming, UU-prosjektet, ved OsloMet. Prosjektet har som mål at alle våre tenester og nettstader skal følgje alle krava i UU-lovgivinga innan 1. januar 2021.

Krava består i hovudsak av retningslinjer for tilgjengelig webinnhold (WCAG) 2.0. Etter 1. juli 2020 vil eit nytt direktiv skjerpe nokre av desse krava, samt innføre nye retningslinjer. Dei nye krava (WCAG 2.1) gjeld i hovudsak mobil. Skjerpinga av 2.0-krava gjeld i hovudsak video.

For ein enkel forklaring på universell utforming, sjå Digitaliseringsdirektoretet (tidlegare DIFI) sin to minuttar lange video om universell utforming (youtube.com).

Les meir om krava på Digitaliseringsdirektoratet sine UU-sider.

Kva er ditt ansvar?

Alle offentlege verksemder skal først og fremst legge ut tekstdokument i nettsideformat (HTML). Dersom det er naudsynt å behalde noko av formateringa i dokumentet, og det ikkje lar seg gjere (universelt utforma) i publiseringsløysinga, SKAL du legge ut dokumentet i PDF. 

For deg, som brukar, er det to ting som er viktig å vurdere:

  1. Opplever eg at nokre av tenestane eller nettstadene eg brukar ved OsloMet ikkje er godt nok utforma? 
  2. Kva er mitt ansvar?

Dersom du meiner at nokon av tenestane eller nettstadene våre ikkje er godt nok universelt utforma, ta kontakt med nettredaksjonen@oslomet.no.

Universell utforming består i hovudsak av fire ansvarsområde: frontend og backend (som er teknisk), design og innhald:

Innhald

Spesielt ansvarsområde innhald vil treffe mange av dykk. Når vi seier innhald snakkar vi om alt som blir publisert på nett. Det kan vere innhald til nettsider, men det er også dokument som Word, PDF, PowerPoint og liknande. For å lære meir om korleis du kan universelt utforme dokument til brukarane våre, ta ein kikk på denne veiledaren til korleis du kan universelt utforme dokument.

Design

Ved OsloMet har vi laga universelt utforma malar til dei fleste behov. Dersom du treng noko som ikkje ligg klart som mal, kan du ta kontakt med dei som har ansvar for det grafiske på ditt fakultet. Kontaktpunkt finn du på same side som malane.

Frontend og backend

Dette vil i hovudsak gjelde dei som jobbar teknisk på våre IT-løysingar. Ta kontakt på nettredaksjonen@oslomet.no for meir informasjon eller les på Digitaliseringsdirektoratet sine UU-sider.

E-læring

Ta ein kikk på desse e-læringskurs for å lære meir om universell utforming:

Sjå også lenkene øvst på sida for å lese meir om universell utforming for publisistar og undervisarar og for å lære om korleis du kan sikre at dokumenta dine er universelt utforma.

chatbot-portlet