Hjelp til systematiske litteratursøk | Formidling og publisering - Ansatt

Litteratursøk for forskarar og ph.d.-kandidatar

Litteratursøk for forskarar og ph.d.-kandidatar

Bibliotekarar frå Universitetsbiblioteket gjennomfører litteratursøk for ditt forskingsprosjekt.

Hos Universitetsbiblioteket kan forskarar og ph.d.-kandidatar få hjelp til mellom anna: 

  • Søk etter tidlegare og/eller pågåande kunnskapsoppsummeringar.
  • Val av relevante databasar og søkjeord.
  • Gjennomføring og dokumentasjon av fagfellevurderte, systematiske litteratursøk.
  • Bistand til mindre omfattande og meir spissa litteratursøk.
  • Siteringssøk på utvalde referansar.
  • Rettleiing i bruk av referansehandterings- og screeningsverktøy.
  • Oppdateringssøk.
  • Enkel fagfellevurdering av eigne litteratursøk.
  • Oppsett av e-post-varsling på gjennomførde litteratursøk.

Systematiske litteratursøk

Når metoden for å samle inn data til forskingsprosjekt er litteratursøk, er det ofte naudsynt å gjennomføre eit systematisk litteratursøk. Det kan til dømes vere i samband med ein større rapport, ei litteraturkartlegging eller ei kunnskapsoppsummering.

For å gjennomføre eit systematisk litteratursøk må heile prosessen planleggjast, gjennomførast, dokumenterast og kvalitetssikrast nøye.

For at vi skal kunne gjennomføre eit systematisk litteratursøk treng vi følgjande frå deg:

  • Prosjektskildring, protokoll eller liknande (under dette informasjon om planlagd publisering og rapporteringsstandardar som det må takast omsyn til både før, under og etter litteratursøket).
  • Eventuell publiseringsplan.
  • Referansar til allereie kjende artiklar/publikasjonar.
  • Samarbeid rundt utvikling av litteratursøket og tett kommunikasjon undervegs, mellom anna om aktuelle søkjeord, kjelder, avgrensingar og vurdering av testresultat undervegs.

Ved gjennomføring av systematiske litteratursøk kan Universitetsbiblioteket levere følgjande:

  • Fagfellevurdert, gjennomarbeidd og dokumentert søkestrategi.
  • Forslag til aktuelle databasar og andre kjelder.
  • Gjennomføring av systematiske søk.
  • Levering av referansar i avtalt format, til dømes EndNote-fil.
  • Forslag til tekst om litteratursøk som kan inkluderast i søknad om prosjektmidlar.
  • Forslag til metodetekst om litteratursøket i sluttrapport.
  • Påbegynt PRISMA-diagram (flytskjema).
  • Siteringssøk på utvalde referansar.

Eit systematisk litteratursøk tek ofte 30 timar eller meir å gjennomføre. Universitetsbiblioteket har avgrensa kapasitet og du bør melde frå i god tid viss du ønskjer bistand til eit systematisk litteratursøk.

Mindre omfattande litteratursøk 

I mange tilfelle er det ikkje naudsynt å gjennomføre eit tilnærma uttømmande systematisk litteratursøk. Dersom ein ønskjer eit mindre omfattande litteratursøk for å identifisera ein del av den relevante forskinga eller noko av den sentrale forskinga frå dei siste åra, kan Universitetsbiblioteket òg hjelpe til med det.

Sidan fullstendighet ikkje er ei målsetting med denne tilnærminga, kan slike mindre litteratursøk vera raskare for bibliotekarane å gjennomføre og dei vil ofte resultere i færre treff for forskaren å gjennomgå.

Obs! Slike søk vil ikkje identifisera alle relevante forskingsartiklar. 

Kontakt

Ressursgruppa for litteratursøk: litteratursok@oslomet.no

Bestilling

Det er for tida stor pågang og det vil ikkje vera mogleg å få gått i gang med søk før i august/september. Send likevel gjerne inn ei bestilling viss du planlegg ei kunnskapsoppsummering til hausten.

Bestill systematiske litteratursøk (bokmål, nettskjema.no) eller bestill systematiske litteratursøk (nynorsk, nettskjema.no).