Støtte frå Medietilsynet til to OsloMet-prosjekt

Nyhetportlet

Støtte frå Medietilsynet til to OsloMet-prosjekt

Foto: NTB

Støtte frå Medietilsynet til to OsloMet-prosjekt

Prosjekta skal forske på politisk debatt laga av profilar og influenserar som GUTTA, og medievanane til fleirkulturelle ungdommar.

Medietilsynet har fordelt 5,3 millioner kroner til forskning på medier og dataspill (medietilsynet.no). Blant dei åtte forskingsprosjekta som har fått støtte, er to frå Institutt for journalistikk og mediefag.

Prosjektet «Profilar og politisk debatt» skal forske på kva som skjer når YouTube-kollektivet GUTTA og andre profilar lagar politisk debatt.

– GUTTA er eit godt eksempel på korleis profilar og influensarar no bidrar til mediemangfaldet og den offentlege, politiske samtalen, seier professor og prosjektleiar Karoline Andrea Ihlebæk.

– Dei viser også kor viktige profilar er for medievanane til unge, og er eit tydeleg bilde på den glidande overgangen mellom nyheiter og underhaldning, seier professor Vilde Schanke Sundet.

 
Korleis påverkar profilar unge?

GUTTA er ein del av ein global trend der mange profilar har gått frå å vere underhaldarar og kommersielle aktørar til å spele ei viktig rolle i nyheitsformidling, meiningsdanning og det politiske ordskiftet.

– Vi vil finne ut kvifor dei gjer det. Kva har dei igjen for det? Vi skal også analysere kva som kjenneteiknar desse debattane og studere kommentarfelta for å sjå korleis publikum reagerer på og tolkar innhaldet, forklarer Ihlebæk.

– Spørsmålet om kor unge hentar informasjon og kva som formar dei politiske engasjementa deira, har fått auka merksemd. Dette prosjektet skal finne ut meir om kva slags rolle profilar spelar, seier Sundet.

Prosjektet spring ut av forskingsgruppa Medieindustrier, plattformer og politikk (MIPP) ved Institutt for journalistikk og mediefag (oslomet.no), og har også masterstudentane Jantra Hollum, Bassa Butta Dulo og Helene Pettersen Haugaasen knytt til seg.

Les meir på oslomet.no.

Identitet og tilhøyrsel

Det andre prosjektet som har fått støtte er «Unge med fleirkulturell bakgrunn og forståing av nyheiter på sosiale medium».

– I eit samfunn med aukande demografisk mangfald er det viktig å forstå korleis ulike grupper konsumerer nyheiter, seier førsteamanuensis Florence Namasinga Selnes.

Frå tidlegare forsking veit vi at unge med fleirkulturell bakgrunn i stor grad les og ser globale nyheiter.

– Dei har familie og nettverk i andre land, og følgjer derfor nyheiter både der og her. Mange skifter kontinuerleg mellom nasjonale og internasjonale informasjonsstraumar, forklarer professor og prosjektleiar Dagny Stuedahl.

– Vi vil forstå korleis dette påverkar forståinga deira av hendingar i Noreg, samfunnsengasjementa deira, forholdet til lokalsamfunnet, identitet og tilhøyrsel, seier Selnes.

 

Demokrati og deltaking

Prosjektet skal også undersøke kva det betyr for norsk offentlegheit at mange unge i større grad forheld seg til medium frå andre land. 

– Det handlar ikkje berre om media. Pandemien viste kor viktig det er å forstå korleis ulike befolkningsgrupper får og tolkar informasjon, og kva kanalar dei faktisk brukar, seier Stuedahl.

– Det kan ha konsekvensar for demokrati, deltaking i samfunnet og forståing av politiske prosessar, forklarer Selnes.

Prosjektet er knytt til Søndre Media (oslomet.no). Det er ei langsiktig forskingssatsing ved OsloMet Holmlia, som jobbar for å auke fleirkulturell ungdom si interesse og engasjement i samfunnsdebatten.

Les meir om prosjektet på oslomet.no.