Droppe til innhold

Kommunikasjon

Kommunikasjon

Kommunikasjon og profil / Kommunikasjon

Retningslinjer for bruk av sosiale medier ved OsloMet

Alle som skal nytte OsloMet sitt namn og logo til kontoar på sosiale medier må:

1. Dokumentere at det er behov for eigen kanal i sosiale medier og at ein ikkje når definert målgruppe godt nok gjennom OsloMet sine eksisterande kanalar. 

2. Dokumentere at det er satt av nok tid og ressursar til å nytte sosiale medier som ein kommunikasjonskanal. 

3. Dokumentere rutinar for overvaking slik at spørsmål/kommentarar/innlegg på sida blir fanga opp og vurdert innan 3timer alle arbeidsdagar i året og 6 timar etter arbeidstid/helg/ferie. 

4. Vise til månadleg innhaldsplan for å sikre at kontoen blir oppdatert med fast frekvens og med variert og godt innhald.  

5. Kjenne til beredskapsorganiseringa ved OsloMet og sjå til at beredskapsgruppa hos SK har tilgang til kontoen. 

6. Dokumentere rutinar for sikkerheit knytta til sosiale medier (passordhandsaming og tilgangskontroll). 

7. Følge mållova og kunne rapportere årlig på omfang av bokmål og nynorsk.

8. Følge Retningslinjer for informasjon på engelsk.

9. Gjennomføre grunnleggande kurs i bruk av sosiale medier som kommunikasjonskanal i regi av SK. I dette kurset får ein hjelp til å dokumentere og etablere rutinar som beskrive ovanfor.