Redigere ansattprofil - Ansatt

Korleis gjere endringar på ansattprofilen din

Korleis gjere endringar på ansattprofilen din

Ansattprofilen er staden både eksterne og andre ansatte kan finne informasjon om deg og jobben din, korleis dei kan kontakte deg, kva arbeidsoppgåver du har, kva forskningsprosjekt du er involvert i, og meir.

Det er berre du som har tilgang til å redigere din eigen ansattprofil. Slik gjer du det:

  1. Logg inn på ansatt.oslomet.no for å kunne redigere din profil. 
  2. Dersom du er logga inn vil du sjå ditt namn øvst i menyen. Under der finn du "Rediger profil". Du kan også klikke på "Rediger profil" i snarvegane på "Min side".
  3. Her får du fire val:
    1. Personprofil - for å gjere endringar på din ansattprofil.
    2. Adgangskort - for å bestille nytt adgangskort.
    3. Reservasjoner - for å reservere deg mot å vise profilen din på nett. Du kan også reservere deg mot å vise bilete eller mobilnummer. Her vel du også om du vil vise bilete og telefonnummer. Visning av bilete er automatisk av for nye tilsette, og du må sjølv aktivt velje å vise det.
    4. Bytt passord og PIN-kode - for å bytte passord på din OsloMet-brukar og PIN-kode på adgangskortet ditt.
  4. Vel "Personprofil" for å gjere endringar i ansattprofilen din.
  5. Her får du tilgang til all informasjon som ligg i ansattprofilen din. Klikk på det gule plussteiknet der du vil gjere endringar.
  6. Dersom det visast til "Meld endringer til HR" må HR godkjenne endringa før den visast på ansattprofilen din. Dersom det visast til "Oppdater", skal endringa visast innan 24 timar.
  7. Vel "Kort om" om du vil endre teksten om deg sjølv. Fyll inn det du vil fortelje om deg sjølv. Bruk mellomtitlar og punktlister ved behov. Det er ikkje lagt til rette for å lenke til andre nettsider her. NB! Bruk kun punktliste når du har fleire enn eitt punkt.
  8. "Fagområder" (vitenskapsdisipliner og emner) og "Publikasjoner og forskningsresultater" blir henta frå Cristin. Endringane må difor gjerast i Cristin. Det kan ta opp til 24 timar før endringane blir synlege på nettsida.
  9. "Forskningsgrupper" og "Forskningsprosjekter": Kontakt kommunikasjonsrådgivar/nettredaktør ved di eining for endringar. 

Ansattprofilen din ligg tilgjengeleg på oslomet.no og er open for alle. Du kan også søke opp din og andre sin profil via ansattsøket på "Min side" (innlogga framside) på ansatt.oslomet.no.