Publiseringsutvalet - Ansatt

Publiseringsutvalet

Publiseringsutvalet

Publiseringsutvalet skal fatte vedtak i innsendte tvils- og tvistesaker og er oppnemnd av FoU-utvalet.

Publiseringsutvalet for NVI-rapporteringa er oppnemnd for å avgjere saker der partane (dvs. forfattar av publikasjon, fagleg leiing og superbrukar) ikkje blir samde om korleis ein publikasjon skal registrerast og rapporterast i Cristin.

Det må vere semje når det gjeld følgjande om ein publikasjon

  1. kategorisering av publikasjonar (teljande NVI-kategori versus ikkje-teljande kategori)
  2. tolking og registrering av institusjonane sine adresser oppgitt som forfattaradresser på publikasjonen og tolking av forfattaren si tilknyting til institusjonen 
  3. rapporteringsår 

Om det ikkje blir semje, kan superbrukarar melde saka til publiseringsutvalet.

Samansetjing 

FoU-utvalet oppnemner dei fire prodekanane for FoU som medlemmar. Utvalet konstituerer seg sjølve og vel leiar. Ekstern kompetanse kan innhentast ved behov.  

Institusjonssuperbrukar i Cristin er sekretær for utvalet. Saker skal meldast inn til utvalssekretæren av superbrukarane ved fakultet/senter.

Tvistar

Eventuell usemje om korleis ein publikasjon skal rapporterast, bør avklarast så tidleg som mogleg. Dialogen skjer mellom forskar, superbrukar og fagleg leiing ved fakultet/senter. Om det ikkje blir semje mellom dei, kan saka meldast inn til publiseringsutvalet av superbrukarane. For at utvalet skal kunne vurdere saka, må det leggjast fram tilstrekkeleg dokumentasjon.

Innmelding av tvistesak 

For å melde inn ein publikasjon til publiseringsutvalet, må ein sende over eit saksframlegg som inneheld:

  • postnummer
  • framlegg av kva usemja er
  • kopi frå relevant underlagsmateriale (til dømes artikkel, relevante kolofonsider, relevante kapittel, relevant omtale frå nettsidene til utgjevaren) 

Ver vennleg og sørg for at alle involverte får kopi av meldinga til publiseringsutvalet.

Kontakt

Institusjonell superbrukar i Cristin ved OsloMet (e-post) er sekretær for Publiseringutvalet.