Hva skjer - Ansatt

Hendelseskalender

Bilde av Kim Rysstad.

Julekonsert med Kim Rysstad på Kjeller

Velkommen til den stemningsfulle julekonserten "Snøen laver ned" med Kim Rysstad, ein vokalist og folkemusikar i særklasse.

Dato/Tid

Sted

Studiested Kjeller, utenfor biblioteket

Saman med musikarane Michael Caplin og Knut Ingolf Brenna ynskjer Kim å gje deg som lydar eit lite pusterom i ei travel førjulstid. På repertoaret har dei med seg kjende og kjære julesongar, men også litt nyare eigenkomponert materiale. Med Knut Ingolf på gitarar, Michael på mange ulike instrument, og trestemt song vil lydbildet bli akustisk, opent og fritt.

Då Kim i 2017 gav ut julealbumet "Snøen laver ned" saman med London Philharmonic Orchestra omtala NRK plata som "Tiårets vakreste juleplate" og Aftenposten slo til med "En juleplate som vil bli stående".

Kim Rysstad er prisvinnande vokalist og A-klassekvedar frå Rysstad i Valle Kommune i Setesdal (kimrysstad.no).

Då Kim hausten 2019 var ein av deltakarane i Stjernekamp på NRK1 sjarmerte og imponerta han både domarar og heile Noreg på sin veg til finalen, der han vann 2 plassen!

7. desember har Kim Rysstad konsert i Pilestredet.