Skip to Content

Universell utforming for publisistar

Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal utforme ein tekst på ei nettside for at den skal vere universelt utforma (UU) og dermed like tilgjengeleg for alle. Her får du ein kjapp oversikt over dei viktigaste elementa du må hugse på.

Innhald

Rettleiingane under viser til krava for universell utforming under norsk lov. Dei gjeld for all publisering på nett. Nokre stader viser vi til våre mest brukte løysingar, Liferay og eZPublish, men dei same krava gjeld alle publiseringsløysingar.

Tekst og struktur

God struktur i teksten er viktig for både lesbarheit og navigering og skal gjennomførast konsekvent på både alle OsloMet sine nettstader, samt alle andre publiseringsløysingar.

Ingress

Ingress skal vere eit kort samandrag av brødteksten. Vi understrekar: Kort!

Brødtekst

Noko av det aller viktigaste er å setje korrekt overskriftsnivå i teksten. I Liferay (publiseringsløysinga til ansatt.oslomet.no og student.oslomet.no) og eZPublish (oslomet.no) brukar ein det ein kallar "blokkstil" for å endre overskrift. Den står som regel på "normal" (Liferay) eller "Paragraph" (eZPublish).

NB! Feit tekst skal ikkje brukast som mellomtittel.

Å sette rett overskriftsnivå er ein fordel av fleire grunnar:

  • Det gjer det enklare å forstå strukturen i teksten
  • Mange brukarar, både med og utan hjelpemiddel, treng mellomtitlane for å navigere i eller skumlese teksten.
  • Om ein for eksempel har nedsett syn, kan ei leselist eller skjermlesar vere eit godt verkemiddel. Då er det ein fordel om koden i teksten fortel hjelpemiddelet kvar ein skal gå for å finne det ein er på jakt etter.

Nivåa strekk seg ofte frå Heading 1 (H1) til Heading 6 (H6). I editorane til Liferay og eZPublish er det H3 som er det første valet. Det er fordi det er andre titlar på sida som er preformatert. For eksempel: Tittelen på sida vil alltid vere H1 og er noko du ikkje treng å stille inn sjølv. Du skal difor byrje å bruke H3 som første mellomtittel. 

Merk! Dette kan vere annleis i andre publiseringsløysingar. 

Dersom teksten under din første mellomtittel har eit nytt nivå, skal ein deretter bruke H4. Deretter brukar du H3 igjen dersom du skal opp eit nivå (som vi har gjort i denne teksten). Her kan du sjå eit eksempel:

Heading 3

Innhald

Heading 4 

Innhald relevant til heading 3

Heading 3

Nytt innhald

For eksempel på bruk av overskrifter og andre lure ting, sjå Digitaliseringsdirektoratet (tidl. DIFI) si hjelpeside om tekst og struktur (uu.difi.no).

Lenke i løpande tekst

Når vi lenker i løpande tekst skal lenken sitt mål framgå tydeleg. Unngå å bruke "les mer" og "klikk her". Prøv å skrive lenka naturleg i tekst. 

For eksempel, sjå lenketeksten over. Her er lenken "Digitaliseringsdirektoratet si hjelpeside om tekst og struktur". Den forklarar kor du kjem når du klikker på lenken i motsetning til om vi berre hadde skrive og lenka opp "Les mer".

Om lenken er godt utforma er både "les mer" og "klikk her" i lenketeksten overflødig.

Dersom du skal lenke til ei ekstern side må du alltid ha med kor lenken går. Dersom du har, som vi har gjort her, lenka til Digitaliseringsdirektoratet si UU-side skal "uu.difi.no" (som er rota til lenken, du treng ikkje ha med heile lenkestien) vere ein del av lenken.

Du kan lære meir om lenking på Digitaliseringsdirektoratet si hjelpeside om lenker (uu.difi.no).

Dokument på nettside

Det same gjeld som gjeld lenking i løpande tekst gjeld også dersom du skal lenke til eit dokument. Då treng ein ikkje ha med lenkestien, men ein må ha med kva type dokument det er, som (PDF), (Word) og så vidare.

NB! Hugs at alt som blir lagt ut på nettstaden skal vere universelt utforma. Det inkluderer også dokument. Alt som står i denne teksten gjeld også når du lagar dokument, inkludert (men ikkje begrensa til) Word-dokument, PDF-ar og liknande.

Ein anna viktig hugseregel er: Ikkje legg ut dokument dersom det like gjerne kunne vere ei nettside.

Andre lure ting

  • Ikkje bruk feit eller kursiv tekst. 
  • Ikkje legg til mellomrom fordi du tykkjer det ser finare ut.
  • Bruk punktlister. Punktlister gir ein god struktur både visuelt og i koden. Dermed blir det enklare for alle brukarar å lese kva som står der.

Bilete og alternativ tekst

I tillegg til Oslomet sin visuelle profil må ein også ta omsyn til universell utforming når ein legg inn bilete. Det aller viktigaste, i tillegg til at biletet er av god kvalitet og følgjer vår visuelle profil, er å legge inn alternativ tekst.

Alternativ tekst forklarar brukarar som ikkje ser biletet kva innhaldet på biletet er. Det er også teksten som visast dersom biletet av ein eller anna grunn ikkje fungerer. Vi anbefalar difor at ein i minst mogleg grad brukar bilete for å vise for eksempel grafar, tabellar og andre framstillingar som vil krevje ein lang alternativ tekst. Hovudpoenget er at ein bør bruke tekst som hovudsendar av bodskapen, ikkje bilete.

For eksempel: Om du legg ut bilde av Curt Rice som held tale ved årets Kickoff, då kan ein god alternativ tekst vere: Rektor ved OsloMet, Curt Rice, står på scena på Rockefeller med ein mikrofon i hånda og held tale for sine ansatte.

For meir om bilete og alternativ tekst, sjå Digitaliseringsdirektoratet si hjelpeside om bilete og grafikk (uu.difi.no).

Korrekt bruk av tabellar

Bruk aldri tabellar til noko anna enn å presentere data. Å universelt utforme ein tabell kan vere ei krevjande oppgåve, spesielt når innhaldet er komplekst eller hadde gjort seg betre i løpande tekst.

For at tabellar skal vere universelt utforma må tabellen vere koda rett og ha ein utsjånad som støttare brukaren i tolking av informasjonen. I nokre tilfelle må ein inn i kildekoden for å gjere endringane.

Som eit minimum må du ha med følgjande:

  • I "Egenskaper for tabellen" må alltid ha enten overskrift i første rad, første kolonne eller begge. Ikkje vel "ingen"
  • Legg inn tittel

Dersom du har meir komplekse data å vise fram, og ikkje kan skrive det i løpande tekst, kan du sjekke ut Digitaliseringsdirektoratet si hjelpeside for tabellar (uu.difi.no).

Klart språk – ikkje gløym innhaldet!

No har du fått mykje teknisk kunnskap om korleis ein skal få ein tekst til å vere godt universelt utforma for alle brukarar. Men, ikkje gløym innhaldet! Vi er nøydde til å ha fokus på klarspråk og skrive slik at mottakarane forstår det. 

Her er nokre spørsmål du bør stille deg når du skriv ein tekst:

  1. Kven skriv du for? Fagfolk eller "alle andre"?
  2. Kva bodskap vil du formidla? 

Tips om innhald

  • Ta med det som er relevant, og stryk det mottakaren ikkje treng å vite.
  • Kom raskt til saka og skriv kort.
  • Skriv det viktigaste først.
  • Hugs at ein ofte føler eit behov for å fortelje meir fordi ein kjenner stoffet så godt. Gjer eit skilje: Ikkje tenk på kva du ønskjer å formidle, tenk på kva brukaren skal kunne etter å ha lest teksten.
  • "Kill your darlings"

Med nettkurset "Den gylne pennen" får du ei innføring i dei viktigaste klarspråkteknikkane (sprakradet.no). 

Du kan også lese brosjyra til Språkrådet (PDF) for fleire gode klarspråk-tips.

E-læring og kjekk lesing vidare

chatbot-portlet