Foto: StudioVest/OsloMet

Sørvoll skal leie husleigelovutvalet
NOVA-forskar og leiar av Senter for velferds- og boligforskning (BOVEL) ved OsloMet, Jardar Sørvoll, har takka ja til å leie det regjeringsoppnemnde utvalet som skal foreslå endringar i husleigelova.
Husleigelova set rammene for kva ein kan avtale i leigeavtaler, mellom anna lengda på kontrakten, kor mykje husleiga kan auke kvart år og når det er mogleg å seie opp ei leigeavtale.
– Utvalet har eit stort og spennande arbeid framfor seg, på eit område som betyr mykje for liva til svært mange menneske. Eg gler meg til å gå i gang, seier Sørvoll.
Utvalet er sett saman av medlemmer som representerer interessene til ulike organisasjonar i leigemarknaden, juristar og forskarar. Ei stortingsmelding om bustadpolitikken kjem våren 2024.
Les pressemeldinga her: Utvalg skal foreslå endringar i husleigelova (regjeringen.no)
Les meir om BOVEL (uni.oslomet.no)