OsloMet tilbyr bachelorstudium i rettsvitskap frå hausten 2027

Nyhetportlet

OsloMet tilbyr bachelorstudium i rettsvitskap frå hausten 2027

OsloMet tilbyr bachelorstudium i rettsvitskap frå hausten 2027

Da tar universitetet opp dei første 150 studentane på det nye bachelorprogrammet. Utdanninga gir eit breitt juridisk grunnlag og opnar dørene til ein arbeidsmarknad med stor etterspørsel etter juridisk kompetanse.

– Ved Fakultet for samfunnsvitskap har vi allereie eit sterkt juridisk fagmiljø, særleg innan offentleg rett, som velferdsrett, men også innan rettsleg regulering av næringsverksemd og nyare teknologiar, som kunstig intelligens. Det gir oss eit særs godt utgangspunkt for å bygge ei rettsvitskapleg utdanning av høg kvalitet, seier dekan Oddgeir Osland. 

Universitetsstyret godkjente 11. mars etableringssøknaden til fakultetet. 

Ansvaret for utviklinga av studiet vil ligge til fakultetsleinga.

Ei naturleg fortsetting for OsloMet

Professor Julia Köhler-Olsen ved Institutt for sosialfag og professor Emily M. Weitzenböck ved Handelshøgskolen, OsloMet har hatt hovudansvaret for å utarbeide innhaldet og oppbygginga til studiet.

– OsloMet har ein lang tradisjon med profesjonsutdanningar, og rettsvitskap er ei naturleg fortsetting, seier Weitzenböck.

– Mange utdanningar ved OsloMet inkluderer allereie juridiske emne og krav til juridisk kompetanse, og universitetet har solid ekspertise innan ei rekke offentlege og privatrettslege fag og samfunnsrelevante tema, seier Köhler-Olsen.

Bachelorutdanninga vil dekke alle sentrale juridiske fag og gi studentane eit breitt fagleg grunnlag.

Planlegg masterutdanning frå 2030

Etableringa av bachelorutdanninga er første steg i prosessen mot ei femårig profesjonsutdanning. Eit masterstudium må akkrediterast av Nokut (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga), og arbeidet med søknaden er i gang. 

– Vi planlegg oppstart av eit toårig masterstudium hausten 2030, slik at studentane som startar på bachelorgrada i 2027, kan få heile profesjonsutdanninga ved OsloMet, seier Osland.

Les meir på oslomet.no.

Kontakt