Universell utforming (UU)

For at alle våre brukarar skal få tilgang til våre IKT-tenester på lik linje, må våre tenester og nettstader vere universelt utforma. På denne sida fortel vi deg kvifor og korleis og gir deg ressursane til å lære meir.

Universell utforming ved OsloMet - knappemeny

Om universell utforming

Om universell utforming

  1. Kvifor universelt utforme?

    Universell utforming av både dokument, nettsider og undervisningsmateriale er viktig for at all informasjon skal vere tilgjengeleg for alle, uavhengig av fysiske eller kognitive evner. Ved å gjere forholdsvis små endringar i måten du arbeider på, kan du sørge for at den informasjonen du lagar er tilgjengeleg for alle. Det betyr at vi gir brukarane, studentar som ansatte, moglegheita til å delta på lik linje som sine kollegaar eller medstudentar.

    For ein enkel forklaring på universell utforming, sjå Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare DIFI) sin to minuttar lange video om universell utforming (youtube.com).

    Les meir om krava på Digitaliseringsdirektoratet sine UU-sider.

  2. Kva er ditt ansvar?

    Alle offentlege verksemder skal først og fremst legge ut tekstdokument i nettsideformat (HTML). Dersom det er naudsynt å behalde noko av formateringa i dokumentet, og det ikkje lar seg gjere (universelt utforma) i publiseringsløysinga, SKAL du legge ut dokumentet i PDF. 

    Universell utforming består i hovudsak av fire ansvarsområde: frontend og backend (som er teknisk), design og innhald:

    Innhald

    Spesielt ansvarsområde innhald vil treffe mange av dykk. Når vi seier innhald snakkar vi om alt som blir publisert på nett. Det kan vere innhald til nettsider, men det er også dokument som Word, PDF, PowerPoint og liknande. For å lære meir om korleis du kan universelt utforme dokument til brukarane våre, ta ein kikk på denne veiledaren til korleis du kan universelt utforme dokument.

    Design

    Ved OsloMet har vi laga universelt utforma malar til dei fleste behov. Dersom du treng noko som ikkje ligg klart som mal, kan du ta kontakt med dei som har ansvar for det grafiske på ditt fakultet. Kontaktpunkt finn du på same side som malane.

    Frontend og backend

    Dette vil i hovudsak gjelde dei som jobbar teknisk på våre IT-løysingar. Ta kontakt på nettredaksjonen@oslomet.no for meir informasjon eller les på Digitaliseringsdirektoratet sine UU-sider.

  3. E-læring

    Ta ein kikk på desse e-læringskurs for å lære meir om universell utforming:

    Sjå også lenkene øvst på sida for å lese meir om universell utforming for publisistar og undervisarar og for å lære om korleis du kan sikre at dokumenta dine er universelt utforma.