Tilgjengelegheitserklæring - Ansatt

Tilgjengelegheitserklæring

Tilgjengelegheitserklæring

Tilgjengelegheitsstatus for ansatt.oslomet.no per 21. oktober 2021.

Vi brukar Siteimprove til å kontinuerleg måle i kva grad ansatt.oslomet.no oppfyller krava til tilgjengelege nettstader (universell utforming). Verktøyet gir oss ein "Accessibility Score" som viser i kva grad nettstaden samsvarer med standardane i WCAG 2.1 (Web Content Accessibility Guidelines).

Dette må vi rette opp i

WCAG-nivå A, score 87,9/100

Feil som står att å løysa - lovkrav:

  1. Behaldarelementet er tomt, 537 sider

  2. Element-ID-er er ikkje unike, 37 sider

  3. Tomme overskrifter, 9 sider

  4. Innebygd ramme utan tekstalternativ,  5 sider

  5. Skjult element har fokuserbart innhald, 3 sider

  6. Det er ikkje lett å sjå lenkene, 2 sider

  7. Bilde er utan tekstalternativ, 1 side

WCAG-nivå AA, score 73,9/100

Feil som står att å løysa - lovkrav:

  1. Teksten blir avkutta når den endrar storleik, 3049 sider

  2. Fargekontrast er ikkje tilstrekkeleg, 17 sider

WCAG-nivå AAA, score 56,5/100

Feil som står att å løysa - ikkje lovkrav:

  1. Skriftstorleiken er fast, 256 sider

  2. Linjehøgda er under minimumsverdien, 4 sider

Vi bryr oss om tilgjengelegheit!

OsloMet er pliktig til å

  • oppretthalde og vidareutvikle ein tilgjengeleg nettstad for tilsette og andre

  • sjå til at nettstaden oppnår minst nivå AA i WCAG 2.1 (w3.org)

  • følgje likestillings- og diskrimineringsloven (lovdata.no)

  • følgje forskrift om universell utforming av IKT (lovdata.no)

  • sørgje for at alt nytt innhald oppnår minst nivå AA i WCAG 2.1

  • inkludere universell utforming i valet av tredjepartssystem og oppgraderingar av eksisterande system

OsloMet er offisiell samarbeidspartnar med International Association of Accessibility Professionals (iaapnordic.org).

Tilgjengelegheitsprinsippa vi følgjer

Kommunikasjonsavdelinga ved OsloMet tar universell utforming av IKT på alvor, og har dedikerte personar og verktøy for å dagleg følgje med på nettstadens status. Gjennom arbeidsøkter kva uke rettar vi opp i WCAG-feil, samt legg langsiktige planar for korleis vi skal løyse dei resterande problema (både innanfor og utanfor WCAG).

Er det noko du ikkje klarar å lese på ansatt.oslomet.no?

Kontakt oss for å få tilsendt innhald i eit anna format. Du kan sjølv velje korleis du vil ha innhaldet. Døme på dette kan vere universelt utforma PDF-ar, Word-filer eller print på papir.

Fungerer ikkje skjermlesaren slik den skal på nettstaden vår? Ring 67 23 50 00 (sentralbord) og få innhald lest opp via telefon.

Tips og triks

Tekststorleik

  • Hald inne Ctrl og tast + (pluss) for å zoome inn.
  • Hald inne Ctrl og tast - (minus) for å zoome ut.
  • Hald inne Ctrl og tast 0 (null) for å gå tilbake til start.

Skjermlesar

Ein skjermlesar er eit dataprogram som presenterer det visuelle på ein skjerm over til ei leselist eller til syntetisk tale.

Få meir informasjon om skjermlesarar på Blindeforbundets nettsider (blindeforbundet.no).

Verktøy og sider om tilgjengelegheit

For innhald på engelsk

  • Read the Words – gratis netteneste som konverterer tekst til tale (readthewords.com).
  • WebbIE – gratis program som gjer det lettare for blinde og svaksynte å bruke nettet (webbie.org.uk).

Korleis kan du sei frå om manglande tilgjengelegheit?

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller er språket vanskeleg å forstå? Er det noko som hindrar funksjonalitet, eller går du glipp av innhald på ansatt.oslomet.no?

Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelegheit!

Kom med tilbakemeldingar og spørsmål til oss i den sentrale nettredaksjonen.