Universell utforming ved OsloMet

Nyhetportlet

Bilde av hand som held i mobil med ansatt.oslomet.no på skjermen. Sofa i bakgrunnen.

Universell utforming ved OsloMet

16 prosent av alle innbyggjarar mellom 15 og 66 år har ei funksjonsnedsetjing. Universell utforming (UU) skal sikre at alle får lik tilgang til tenestene våre, uavhengig av funksjonsevne.

Tenester mange av oss tek for gitt kan vere vanskeleg tilgjengeleg for personar med ei funksjonsnedsetjing. Ved OsloMet ønskjer vi å utforme alle tenestene våre universelt. Det siste året har OsloMet gått inn for å universelt utforme våre digitale løysingar så langt det lar seg gjere. Det vil forenkle og forbetre tenestene for alle. Det er også eit lovkrav at vi skal vere universelt utforma.

Kva betyr dette for deg som brukar nettsidene våre?

Alt innhald skal vere lett tilgjengeleg, uavhengig av funksjonsevne. I løpet av året kjem eit nytt krav om at alle nettstader og applikasjonar må ha ei tilgjengelegheitserklæring. Denne erklæringa skal innehalde informasjon over kva tenesta har av UU-problematikk og eit tilbakemeldingsskjema. Dette skjemaet kan du bruke for å gi beskjed om eventuelle problem du støter på.

Kva betyr dette for deg som publiserer på nett?

For å følgje Digitaliseringsdirektoratet sine lovkrav må du blant anna

  • setje deg inn i lovkrava
  • publisere universelt utforma nettsider og dokument
  • skrive klarspråk
  • tekste alle videoar (både forelesningsopptak og andre videoar)
  • lage universelt utforma skjema, PDF-ar, Word-dokument og andre typar dokument.

For å setje deg inn i lovkrava kan du gå til uutilsynet.no. Du kan også sjå på OsloMet si side for universell utforming for tips og triks til å universelt utforme innhaldet ditt.