Skip to Content

Tilgjengelegheitserklæring

Alle Oslomet sine nettløysingar og applikasjonar skal ha ein tilgjengelegheitserklæring med tilbakemeldingsfunksjon. Her kan du finne mal og lære meir om kvifor dette er nødvendig.

I 2021 vil det bli stilt krav om at alle OsloMet sine nettløysingar, nettstader og mobilapplikasjonar skal ha ein tilgjengelegheitserklæring og tilbakemeldingsfunksjon. 

Ein tilgjengelegheitserklæring er din nettstad eller applikasjon si sjølvangiving som viser korleis løysinga er tilrettelagt og testa for å vere tilgjengeleg for alle, og er ein del av krava til universell utforming av IKT (UU). Desse krava er forankra i likestillings- og diskrimineringslova (lovdata.no). Denne erklæringa skal reviderast minst ein gang i året og skal ellers oppdaterast dersom det blir gjort større endringar eller oppdateringar på nettstaden eller applikasjonen.

Tilbakemeldingfunksjon

Erklæringa skal oppgi kva deler av innhaldet som ikkje er i samsvar med krava til universell utforming og kvifor dei ikkje er det. Det bør også givast ei alternativ løysing, som for eksempel det å kontakte nettstaden. Difor skal ein tilgjengelegheitserklæring også ha ein funksjon som gir brukaren moglegheit til å gi tilbakemelding om manglande universell utforming eller assistanse til alternative løysingar – ein tilbakemeldingsfunksjon.

Denne funksjonen kan for eksempel vere ein e-post til nettredaksjonen, ein redaktør eller ein utviklar/forvaltar. Vi anbefalar at alle tilbakemeldingar går til ei e-postadresse der fleire har tilgang for å unngå problem dersom nokon sluttar eller får eit anna ansvarsområde. Her er det krav om svartid på maks tre til seks veker på lik linje med andre førespurnader i det offentlege.

Mal for tilgjengelegheitserklæring

Tilynet for universell utforming i Digitaliseringsdirektoratet er i gang med å utvikle ei sentral felles løysing  for tilgjengelegheitserklæringar (uu.difi.no) som vil gjerast fritt tilgjengeleg. Ein betaversjon skal etter planen vere klar mot slutten av 2020. Mens vi ventar har vi laga ein mal for tilgjengelegheitserklæring med tilbakemeldingsfunksjon (Word).

Hugs å gjer endringar i malen for å tilrettelegge og universelt utforme for di publiseringsløysing. 

Bruk OsloMet si side om universell utforming for å lære meir om korleis di løysing og ditt innhald kan nå alle.

chatbot-portlet