Korleis bruke sosiale medier til rekruttering | Personalforvaltning - Ansatt

Korleis bruke sosiale medier til rekruttering og korleis bestille?

Korleis bruke sosiale medier til rekruttering og korleis bestille?

Sosiale medier kan vere ein effektiv og god kanal for å marknadsføre ledige stillingar ved OsloMet. Vi har to alternativ.

Bruke tilsette sine eigne nettverk

Den mest effektive kanalen er våre tilsette sine eigne nettverk, både analoge og digitale. Innhald delt av personar blir i større grad lest og delt vidare enn innhald delt av institusjonar/merkevare. Dersom våre tilsette informerer om ledige stillingar i sine nettverk aukar derfor sjansen for at informasjonen blir lest og delt vidare.

OsloMets kommunikasjonsavdeling oppfordrar alle til å lage ein LinkedIn-profil og bruke den aktivt til å dele stillingsannonser og forskningsartiklar ut i sine nettverk, då erfaringen tilseier at nettverksannonsering er ein av dei mest effektive verktøya for å få treff på stillingar vi legg ut og dermed kunne hente inn fleire gode søkarar. Pass på at du har ein oppdatert profil der det går fram at du er tilsett på OsloMet.

For å få dette til må vi legge til rette for deling i digitale kanalar. Alle stillingsannonser må utformast slik at dei ser bra ut når dei blir delt vidare i sosiale medier. Tittel må vere kort og intuitiv og bilete må støtte opp om innhaldet.

I tillegg må relevante tilsette informerast om aktuelle ledige stillingar og blir oppmoda til å dele dette vidare.

Annonsere i sosiale medier

Annonsering i sosiale medier kan vere ein god og effektiv måte å nå ut til potensielle tilsette. Via annonseplattformene på Facebook, Instagram, LinkedIn og Google kan vi lage og målrette annonsar til potensielle søkere.

For å kunne sette opp ein annonse treng vi følgjande informasjon:

  • Kor i landet/verda skal vi annonsere?
  • Alder, maks. og min.?
  • Kva for utdanning bør målgruppa ha?
  • Kva for type arbeidsgjevar har målgruppa?
  • Kva for interesser har målgruppa?

Med presis informasjon om målgruppa aukar sjansane for at annonsane treff rett personar. Dette fører igjen til at vi får ein lav klikkpris på annonsane.

For å legge inn ein bestilling på ei annonse brukast online bestillingsskjema for å få målretta annonser og betre treff. Når du har lagt inn bestilling sender du ein kort beskjed til Marte Sollund som følger opp din bestilling.

Kontakt

Har du spørsmål eller ønskjer hjelp? Ta kontakt med Marte Sollund.