Bli en god ambassadør i sosiale medier - Ansatt

Bli ein god OsloMet-ambassadør i sosiale medier!

template.back.to.overview Bli ein god OsloMet-ambassadør i sosiale medier!

Tilsette og studentar er OsloMet sine aller beste ambassadørar. De kan best fortelle om livet på OsloMet, studietilboda våre og forskinga vår. Historiar og bilete av og frå tilsette og studentar får større rekkevidde og blir meir sett og lest samanlikna med historiar produsert av kommunikasjonstilsette ved OsloMet.

OsloMet og leiinga set stor pris på alle som ønskjer å fortelle om OsloMet i eigne kanalar. Kvar gong vi ser denne typen innhald vil vi forsøke å like/dele/oppattkvitre med hovedkontoane til OsloMet for å sikre at flest mulig ser innhaldet. Fordelen for den enkelte ansatt er at dei vil få større publikum og lettare kunne bygge nyttige nettverk. 

OsloMet vil også støtte og hjelpe ansatte som vil nytte private kontoar i sosiale medier. 

Generelle råd for deg som nyttar sosiale medier

  • Vær deg sjølv 

  • Vær open og ærlig 

  • Trekk deg unna når det er lurt

  • Ikkje svar på noko du ikkje kan 

La oss utdjupe

Vi tilrår at du har ein tydelig profil på dei kontoane der du kan komme til å dele OsloMet-innhald. Det vil seie at det går tydelig fram kven du er med fult namn og at du er ansatt på OsloMet og kva din rolle er hos oss. Dette er spesielt viktig hvis du går inn i samtalar/diskusjonar. Sjølv om du diskuterer som privatperson kan det likevel ofte vere greitt å vere tydelig på rolle/bakgrunn.

Kjenn og forstå dei ulike sosial medieplattformane. Dei ulike sosiale mediene er og blir brukt ulikt, veldig ulikt. Dei har ulikt tempo, ulike brukarar, ulik tone osv. Det er alltid lurt å lytte litt før du byrjar prate. Og husk: ta utgangspunkt i at alt du seier i sosiale medier er offentlig, også det du skriv i lukka grupper. 

Ta del i samtalen. Sosiale medier fungerar best når du stiller spørsmål, svarar på spørsmål og er med på å gjere samtalane betre. 

Ikkje svar på noko du ikkje har kunnskap om. Ikkje kom med spekulasjonar rundt arbeidsplassen din. Er du usikker, spør du nokon om hjelp. 

Rett opp feila dine. Alle trår litt feil. Hvis du seier noko gale eller publiserar noko du ikkje burde ha gjort må du rette dette opp så fort som råd. Slette er ikkje alltid det luraste. Kanskje eit nytt innlegg der du beklagar og forklarar er betre? Du treng ikkje legge deg flat, men ein enkel unnskyldning kjem ein langt med. 

Ver hyggelig. Du veit sjølvsagt at du ikkje skal vere rasist, sexist, spamme folk eller skjelle nokon ut. Men du kan i tillegg vurdere om du skal delta i negative samtalar om deg, ditt fagfelt eller om OsloMet. Uansett. Ver positiv og møt andre slik du ønskjer å bli møtt sjølv. 

Tenk før du publiserar. Du skal ikkje berre lese korrektur på innlegget ditt, men også tenkje ein ekstra gong på korleis innlegget kan oppfattast av ulike folk. Du bør aldri publisere når du er sint, stressa eller lei deg. 

Kjenn til risikoen ved å bruke sosiale medier. Ta kontakt med avd. SK hvis du er usikker. 

Og sjølvsagt, ikkje del konfidensiell informasjon, interne dokument, følg norsk lov, ikkje del innhald som er beskytta av opphavsretten osv osv. Men dette viste du jo. 

Sharing is caring. Det er vår plikt til å dele, inspirere, opplyse og fortelle om vår forsking og våre utdanningar. Ver ein digital ekspert på ditt fagfelt. Ein person som folk trygt kan følge, føle at dei lærer noko og kan vere trygg på.

Utsjånad betyr noko. Publisere fine innlegg, men godt språk og gode og lovlege bilete. Du vil at publikum skal stoppe og lese innlegget ditt. Det må derfor sjå interessant og inspirerande ut. Du finn gode og lovlege bilete i OsloMet sitt biletearkiv (oslomet.fotoware.cloud) eller på tenester som Pixabay.

Følgande plattformar egnar seg godt for å dele OsloMet-innhald

  • LinkedIn 

  • Twitter 

  • Relevante Facebook-grupper 

  • Instagram 

Brukar du #oslomet vil Avd. SK (samfunnskontakt og kommunikasjon) lett oppdage innhaldet og kunne dele det vidare. 

Har du innhald du ønskjer at OsloMet sine kontoar skal dele, kan du sende dette til Jeff Lugowe.